Truleg har han mange innspel, erfaringar og gode råd å koma med,
leiaren for venelaget på Skredhaugen. Skredhaugens vener er eit
museumsvenelag som verkeleg har fått vind i segla sidan oppstarten
i 2008. Dei tel kring 80 medlemmar i alle aldrar. I sommarsesongen
har dei arrangement i museumstunet kvar onsdag, og dei stiller på
dugnad kvar vår. Og så har dei begynt med geitehald!
Dette og meire til kan ein høyra meir om på årsmøtet i Agatunet
venelag, som og tek for seg dei vanlege årsmøtesakene. Alle
interesserte er hjarteleg velkomne til ei hyggjeleg stund i
Agatunet.