Aga har sidan tunet vart freda vore formidlingsarena for
historiske tema knytt til eigedom og eigedomsendringar. Arbeidet
ved Agatunet har vist at jordskifte og dei store eigedomsendringane
landet har vore gjennom, er lite kjende i dag. Dette ynskte
Stiftelsen Agatunet å gjera noko med, og søkte difor om midlar til
å utgreie mogelegheitene for å etablera eit nasjonalt
kompetansesenter.
Hardanger er eit av hovudområda for jordskifte i Noreg og
plasseringa ved det gamle freda nibrukstunet på Aga er eit naturleg
val. Her ligg det gamle tunet med godt dokumentert eigedomshistorie
frå mellomalder og fram til i dag saman med dei nye brukseinigane.
Det unike er at dei ligg tett ved kvarandre i eit storslege
landskap der ein lett kan lesa eigedomsendringane i bygningar,
byggeskikk og landskap.
Senteret skal i tillegg til innsamling av kunnskap om
jordskifte, også drive forsking, rettleiing og folkeopplysing om
eigedomsendringar generelt. Denne bakgrunnskunnskapen vil kunna bli
viktig reiskap for å skapa god eigedomsforvalting også i
framtida.