Forprosjektrapporten for etablering av Norsk jordskiftesenter /
Norsk senter for eigedomskunnskap er no ute på høyring.
Styringsgruppa tilrår i rapporten at Agatunet, ved Hardanger og
Voss museum søkjer om midlar for eit hovudprosjekt.
Bakgrunnen for prosjektet Norsk Jordskiftesenter / Norsk senter
for eigedomskunnskap er at Agatunet i samband med jordskifte i 1938
vart freda og fekk museumsstatus. Jordskifte og den rike
eigedomshistoria som tunet, garden og omgjevnadane representerer,
dokumentert like frå mellomalderen, er ei svært viktig del av
formidlinga og viste på ein god måte norsk eigedomshistorie og
endringsprosessar.
Fylkesmannen i Hordaland ved landbruksavdelinga løyvde midlar
til ei ideskisse. Med bakgrunn i denne løyvde Landbruks- og
matdepartementet over Landbrukets utviklingsfond 1 million kroner
til gjennomføring av forprosjekt "Norsk Jordskiftesenter". I
tillegg har Ullensvang herad og Hardanger regionråd løyvd
midlar.
Gjennom arbeidet har styringsgruppa for prosjektet konkludert
med at det er rett å satse på å etablere eit nasjonalt
kompetansesenter for eigedom og eigedomsutforming. I arbeidet er
det lagt vekt på at det faglege innhaldet skal liggja solid i
botnen for senteret. Det er difor utarbeidt fleire underrapportar
som omhandlar dei ulike sidene som vedkjem oppbygging, innhald,
etableringa og drift av eit Norsk jordskiftesenter / senter for
eigedomskunnskap. Det er lagt opp til eit nært driftssamarbeid med
Agatunet.