30 av bygningane vart freda i samband med jordskiftet i
1938. Dei siste 20 åra har tunet vore ope for publikum i
sommarhalvåret, med omvising, kafé, utstillingar, konsertar,
servering og arrangement.
Det har truleg budd folk her i over 3700 år. Det finst
fornminne både i og utanfor tunet, som til dømes gravhaugar,
offergroper og helleristingar.
Det eldste noverande huset er Lagmannsstova, som vart bygd rund
1250 av riddaren, riksråden og gulatingslagmannen Sigurd
Brynjulvson. Saman med stova var det bygd med eit kapell.
Lagmannsstova var bygd som eit administrasjonsanlegg etter
europeisk model, og vart nytta som representasjonsbustad. I dag er
Lagmannsstova det einaste huset i sitt slag i Noreg.
Sigurd Brynjulvson drukna i 1303, og då vart garden delt mellom
døtrene hans. Seinare har han vore delt fleire gonger til 9 bruk.
På det meste var det ni bruk, 16 husmannsplassar og om lag 200
innbyggjarar i og utanfor tunet.
Garden har vore sentral når det gjeld fruktdyrking, handel over
Hardangervidda og jaktefart til Bergen og Nord-Noreg. På det meste
hadde seks jakter tilknyting til garden.
Garden har hatt kapell ( rive i 1811), skule, landhandelsmann,
postkontor og telegrafstasjon. Dei særeigen skifertaka er frå
Sollesnes i Jondal. Ein del utmarkshus, stølen, naustrekkja og
nokre husmannsplassar er framleis i godt stand. Den over 300 meter
lange og 17 meter høge skredvollen oppe i lia, som vart bygd i
2000, er og eit flott syn.