Årets ungdomsutstillar i Agatunet er alt ein erfaren fotograf,
trass sin unge alder. Knut Stian Lothe stiller i utstillinga
Americano ut foto frå reisa han hadde i USA. Utstillinga opnar
sundag 19. juni.
Knut Stian Lothe (1993) har reist frå Los Angeles til New York.
Det var ein tur på der veker der han vitja over tjue ulike statar.
Bileta han syner i utstillinga er dei beste frå turen, med motiv
frå natur, dyr og menneske.
Lothe har tre års erfaring med foto og har hatt to
separatutstillingar og motteke to stipend. Han er fortida elev ved
Akademiet Videregående skole i Bergen i retning
studiespesialisering.