Bygdekvinnene hugsar godt då dei nye syntetiske stoffa kom i
handelen. Crimplene vart raskt eit populært stoff, særleg når ein
skulle sy klede sjølve. Det var enklet å sy i. Stoffet rakna ikkje,
og ein trong ikkje kasta over saumane. - Du kan prøva i riva i det,
du fer ikkje ut ein tråd utan å bruka saks! fortel Gurid Bleie,
leiar i bygdekvinnelaget.
- Me sydde alle slags klede, drakter, kjolar, kåper og bukser.
Ikkje krølla det, og det var berre å skylda av kleda etter bruk.
Men ein vart fort sveitt!
Crimplene heldt stand utover mot 80-talet, men så vart det
slutt. I utstillinga vert fleire av crimplene-klenodia synt fram,
saman med tidsriktige sko, vesker og anna utstyr.