Dei fire kunstnarane har latt seg inspirera av det frodige og
saftige og søte. Her bugnar det både av smykke, sylv, glas og
sjal.
Smykkekunstnar Ingema Andersen arbeidar med smykke i ulike
material som plast, gummi, papir, tekstil og sylv. Fellesnemnaren
er fargerike gjenbruksmateriale. Plastfoliane er henta frå diverse
permar og plastlommer. Det transparente materialet "spelar" mot
sølvet og gjev eit lett og luftig uttrykk. Strømpene i eit mangfald
av farger, mønstre, kvaliteter og teksturer kallar på minne og
assosiasjonar.
Gro Kollandsrud kjem med smykke, skeier og små korpusgjenstandar
i sølv. Ornamentikken tek utgangspunkt i fruktbløming, frukt og
bær. Formen på gjenstandane framhevar materialet og teknikken. Det
siste kan ein sjå i skeiene som vert smidd frå bolt med teknikk som
vart nytta før den industrielle revolusjon. Både smykka, skeiene og
korpusgjenstandane er bruksting; smykka til å bera på seg, medan
syltetøy-, gele- eller sukkerskeier, salt-, pepper- og sukkerbøsser
er smykke til å ha på bordet.
Live Helgeland arbeidar mykje med sjal og skjerf i tillegg til
dekorative tekstilar.
Sjal er den enklaste formen for klede, men kan ha fleire
funksjoner. Sjalet kan vera eit varmt plagg til å ha rundt halsen
eller til å svøpa seg inn i, eller det kan vera som eit tekstilt
smykke. Eit sjal skal uansett være mykt og behagelig å bera, og ha
eit vakkert fall. Ho vever tynne lette sjal og skjerf i silke.
Garnet farger ho sjølv. Ofte vever ho inn perler, etter inspirasjon
av perlebroderia på hardangerbunaden.
Kari Ulleberg driv glashytte i Drammen. Ho er opptatt av at det ho
lagar for ein plass i kvardagslivet til folk. Ho vil sjå at glasa
vert nytta, vaska og tørka. Det er verdien til dei tinga som aldri
kjem innst i kjøkenskåpet, men som står framst og smilar til deg
når du opnar døra. Me har so mange likesæle ting, og Kari vil ikkje
laga fleire!