Norsk English

Ny styreleiar og nestleiar

I styremøte 16.2.2012 har styret for Hardanger og Voss museum valt ny styreleiar og nestleiar. Den nye styreleiaren er Eva Von Hirsch. 

Eva Von Hirsch har doktorgrad i sosial antropologi frå universitetet i Durham, UK. og har arbeidet i ein rekke nasjonale og internasjonale selskap som rådgjevar innan mellom anna strategi, HR og fusjonar. Hirsch har vore styreleiar i Bergen kystkultursenter og Bergen kystlag, og har vore ein ivrig medseglar på Hardangerjakta Mathilde.  I tillegg til styrevervet i Hardanger og Voss museum arbeider Hirsch i styra til Aker Seafood, Norway Royal Salmon, Bergen Group, Dale garn og marinbiologi AS. Hardanger og Voss museum ser fram til å samarbeide med ein kvinneleg styreleiar med tyngd og entusiasme.


Som nestleiar valde styret Bjørn Christensen frå Voss. Christensen er utdanna lærar og har vore ordførar i Fjell kommune og i Voss kommune i to periodar. Han har og vore statssekretær for Åse Kleveland  og arbeider i dag som konsulent for oppretting av ein kulturbasert næringshage på Voss med utgangspunkt i Vestnorsk kulturakademi. Christensen bingar inn tung politisk og kulturell kompetanse i museet.