Norsk English

Gode resultat i 2014

2014 blei ein god sesong og for fyrste gong passerte Hardanger og Voss museum 50 000 i besøkande.

Sommaren 2014 gjennomførte vi ei større spørjeundersøking blandt gjestane våre. Vi fekk inn 424 svar. Av dei var det 99% som ville anbefale eit besøk ved Hardanger og Voss sine visningsstader.

 

 2014 blei ein god sesong! For fyrste gong passerte Hardanger og Voss museum (HVm) 50 000 besøkande.

Besøkstala ved Hardanger og Voss museum gjekk opp med 16% frå 2013. Dei store avdelingane ved HVm hadde ein god framgang når det gjeld besøket, medan Hardanger fartøyvernsenter haldt seg på omtrent uendra nivå frå året før.

Det er mange faktorar som er årsaken til dei gode tala. Vi hadde ein solfyllt sommar, og friluftsmuseum som Voss, Aga og Hardangerfolkemuseum får  fleire gjestar i godt ver.

Utstillingane våre var populære. På Hardanger folkemuseum hadde vi «Krossen», ei utstilling om symbolbruk opp gjennom historia.

På Voss folkemuseum var utstillinga «Bygdefotograf Christian Herheim» populær. Gjennom bilde ser ein ei bygd i utvikling gjennom fleire tiår.

«Vårt hærlige hjem» i Kabuso der det ikoniske maleriet «Brureferd i Hardanger» kom heim blei den publikumsmagneten vi håpa på. 

I 2015 blir Munch utstillinga i Kabuso eit nytt trekkplaster.

Samla besøkstal ved visningstadane i  HVm.

 

Avdeling 2014 2013
Agatunet   4863   3936
Hardanger fartøyvernsenter 13889 14054
Hardanger folkemuseum 10094   7890
Kabuso/Ingebrigt Vik 10749   7330
Voss folkemusem   8871   8131
Kvam bygdemuseum   1381   2287
Granvin bygdemuseum     905
Total besøk 50752 43628

 

Gjesteundersøkinga
99% av dei som svara vil anbefale eit besøk ved museet.
424 svarte på spørjeundersøkinga. Vi er særs glade for at gjestene er så godt fornøyd med musea våre og ser fram til å følgje opp innspela vi fekk av gjestene våre.

Vi skal gjere det vi kan for at gjestane våre skal få gode og lærerike opplevingar i 2015, både når det gjeld aktivitetar, konsertar og utstillingar.

Flere bilder

  • Brudeferden I Hardanger
  • Mølster sett frå lufta Foto: Svein Ulvund
  • Kristi Skintveit stiller ut eigenproduserte klede frå 60- og 70-talet. Denne kjolen er frå 1967 og vart kjøpt inn til eit museum i USA.