Norsk English

Ferjene i vestlandskulturen

Folgefonn

For nokre år sidan fekk Hardanger og Voss museum ein uvanleg stor gjenstand inn i samlinga si. Ferja Folgefonn er no freda av Riksantikvaren og ligg fortøydd ved Hardanger fartøyvernsenter.

Dette var HSD (Hardanger og Sunnhordlandske Dampskibsselskap) si første spesialbygde bilferje. Ho vart sett i drift i 1938, og var i bruk hjå HSD mest heilt fram til ho vart seld ut av landet i 1979. Ho utgjer utgangspunktet for eit forskingsprosjekt knytt til ferjekulturen på Vestlandet.

Ved å freda ferja har fagfolka hjå riksantikvaren vurdert ho som eit særleg viktig kulturminne, ein bit av historia som er viktig å ta vare på for ettertida. I fredingssaka frå riksantikvaren vert det lagt vekt på ferja si samfunnsmessige tyding i ei tid med rask samferdsleutvikling (Vedlegg til fredingssak 2011). Det er samanhengen ho stod i, som gjer ho interessant. Ho er altså ikkje freda fordi ho var særskilt vakker (sjølv om mang ein entusiast nok syntest det kunne vore grunn nok), ho er heller ikkje verna på grunn av dei tekniske løysingane om bord (sjølv om det er mykje interessant og tidstypisk å sjå her). Folgefonn vart freda fordi ho kan fortelja oss noko interessant om samfunnet og kulturen ho var ein del av.

Skal ein sikra langsiktig vern basert på ei slik grunngjeving, må den tekniske dokumentasjonen, og det konkrete istandsetjingsarbeidet, supplerast med dokumentasjon av ferja si kulturhistorie.
Dette dokumentasjonsarbeidet har Hardanger fartøyvernsenter no starta opp. Ein er interessert i problemstillingar knytt til ferja si tyding i samferdsleutviklinga, og korleis dette påverka livet i lokalsamfunna ho tente.

Også ferja si tyding for det sosiale livet er ei sentral problemstilling. Til dømes har ferjene vore ein kreativ møtestad for bygdefolk, men også arena for streng sosial kontroll.Mange av livets viktige reiser starta på ferja, og «alle» kunne følgja med på kven som skulle ut å reise.
Ferjene som ein ganske særeigen arbeidsplass er også interessant. Ut over desse sentrale problemstillingane er det også viktig å dokumentera kvardagslege og trivielle ferjepraksisar og ferjeminner, til dømes knytt til dei uendelege ferjekøane som ein gjennom heile andre halvdel av 1900-talet kunne møta på vestlandet om sommaren. Hardanger fartøyvernsenter har med andre ord starta opp eit breidt orientert forskningsprosjekt knytt til ferjekulturen på Vestlandet.