Norsk English

Studentstipend

Friarbrev

Hardanger og Voss museum lyser kvart år ut studentstipend på inntil kr 25.000 til mastergradsprosjekt. Stipendet har søknadsfrist 15. august.

Med stipendet ynskjer museet å stimulera til forsking på kjeldemateriale i samlingane i museet og/eller forsking som får fram ny kunnskap om emne som inngår i museet sin forskings- og utstillingsprofil. Sjå forskingsplan som ligg nederst på sida. 

Hardanger og Voss museum driv kunnskapsutvikling innafor mange ulike tema, og har store ambisjonar for forskingsaktiviteten i åra som kjem. Forskinga strekkjer seg frå samtidsorienterte prosjekt knytt til mellom anna samferdsle, hytteutbygging og det å leva i rasutsette strok til prosjekt som med utgangspunkt i hus, båtar og samlingar trekkjer dei lange linene bakover i tida.
Som døme kan nemnast mellomalderhistoria til storgarden Aga, forsking på bakgrunnen for og tradisjonar innan den rike draktkulturen i regionen og forsking på bygging og bruk av jakter og andre fartøy.

Handverk og handverkstradisjonar er eit viktig satsingsområde for museet og det vert drive fleire forskingsprosjekt i brytninga mellom tradisjonelle akademiske tilnærmingar og kunnskapsutvikling knytt til den handlingsborne dimensjonen ved handverka.
 
Hardanger og Voss museum ynskjer difor søknadar frå mastergradsstudentar som arbeider med prosjekt som kan kasta lys over historiske prosessar som har forma vestnorsk daglegliv, kultur og samfunn, så vel som prosjekt som tek for seg kulturelt mangfald og kompleksitet i Noreg i dag.

For å søkja stipend må prosjektet vera godkjent for masterstudiet ved eit universitet eller ein høgskule. Søknaden skal innehalda ein kort presentasjon av prosjektet og plan for formidling. Det skal leggjast ved prosjektskisse, realistisk plan for gjennomføring og stadfesting frå rettleiar på at prosjektet er godkjent.
Søknaden må visa at prosjektet er relevant og har høg fagleg kvalitet. Stipendet vert utdelt når rettleiar har godkjent arbeidet for innlevering.
Ein kan også søkja om å nytta midlane som publiseringsstønad for avhandling eller forskingsprosjekt. I slike høve vert stipendet utdelt ved publisering. Det er ynskjeleg at studenten forpliktar seg til å formidla resultatet enten ved å publisera ein vitskapleg artikkel i eit fagtidsskrift eller i form av ei lita utstilling eller ei digital forteljing.

Søknadsfristen er 15. august.
Nærare opplysingar om stipendet, søknadskriteria og aktuelle tema får du ved å venda deg til Heidi Richardson:
telefon 41 26 06 97 eller e-post: heidi.richardson@hvm.museum.no
  
Søknad med godkjent prosjektskildring skal sendast til same e-postadresse som ovanfor.

Filer