Ved lansering er 1300
gjenstander og 7400 foto publiserte. Det vil seie 8700 søkbare
objekt. Dei fleste er frå avdelingane Voss folkemuseum og Hardanger
folkemuseum. Men også materiale frå Granvin bygdemuseum og Kvam
bygdemuseum ligg ute. DigitaltMuseum har gode søkefunksjona der
brukarane kan søke seg fram til spesifikke gjenstandsstypar,
personar, stader, avdelingar osv.
Hardanger og Voss museum arbeider kontinuerleg med
tilrettelegging og publisering av samlingane. Så dette er berre
starten - meir gjenstander, bygningar, foto, film og video vil kome
etterkvart.
Med DigitaltMuseum er det dessutan høve til å sende bestilling
av for eksempel foto og gje tilbakemelding til museene. Gå inn på
linken til høgre eller på http://digitaltmuseum.no/
og bli betre kjent med våre samlingar.