Bygginga av Hardangerbrua er full gang. Vegen fram til
byggevedtaket var fatta var fylt med engasjement, skuffelse, ny
entusiasme, men og med motstand mot brua. Torsdag 20. oktober kl
20.00 opnar utstillinga When the bridge troubles the water
på Hardanger folkemuseum. Utstillinga tematiserar denne delen av
vår nære historie.
Etter mange år med diskusjon vart det i 2006 endeleg vedteke at
Hardangerbrua skulle byggjast. Arbeidet tok til 2007 og brua skal
stå ferdig i 2013. Den lokale mobiliseringa og oppsluttinga for
brua var betydeleg. Men ikkje alle stader. Særleg i dei områda av
Hardanger der ein ikkje får noko nytte av brua vart det mobilisert
mot bruprosjektet. Også poliktikarar og organisasjonar utanfor
regionen engasjerte seg i saka, anten som tilhengarar eller som
motstandarar.
I utstillinga When the bridge troubles the water
Ynskjer me å lyfta fram debatten om brua. Utstillinga byggjer på
avisutklpp, filmopptak, intervju, sitat, dikt og foto frå ulike
kjelder. Kven var aktørane i debatten? Kva var argumentasjonen
deira, og kva sto dei for? Korleis mobiliserar ein for saka sin, og
korleis handsamar ein meiningsmotstandarar? Kan denne debatten og
kasta lys over andre debattar i Hardanger? Korleis kan me som
museum formidla tema som er viktige for lokalsamfunna, og der
meiningane er så delte?
Både i mobiliseringa for (og mot!) Hardangerbrua har
bunaden vore nytta poiltisk. Dette har og vore tilfelle i
fleire saker som angår Hardanger, mellom anna i motstanden mot dei
sokalla monstermastene. Kvifor vert bunaden stadig nytta som eit
slagkraftig ideologisk symbol?
Utstillinga er ein del av Hardanger og Voss museum sitt
samtidsdokumentasjonsprosjekt Hardangerbrua - allereide på
museum. I dette prosjektet ser me på endringar i samferdsel
dei siste hundre åra, og kva dette får å seia for folk i dei ulkie
delar av regionen. Prosjektet er støtta av Abm-utvikling/Norsk
kulturråd.