Høgemo er eit idol og ei inspirasjonskjelde for
svært mange i den nye generasjonen hardingfelespelarar, og har
vore læremeister for ei rekkje av dagens fremste unge utøvarar. Det
er ikkje utan grunn. Høgemo er å rekne som ein bauta i norsk
hardingfeletradisjon. Han er stilskapar, skuledannar og utøvar av
topp kaliber. Han overraskar og imponerer, og spelar med ein
slik presisjon og treffsikkerheit at ein kan misse
pusten.
Høgemo starta å spele fele som unggut, og gjekk i
lære med vossingen Lars Skjervheim. Seinare har læremeistrane
vore mange, og han har også vore ein flittig brukar av historiske
arkivopptak. På den måten har han tileigna seg eit rikt
repertoar, ikkje berre frå Sogn, men også frå Voss, Hardanger,
Valdres og Telemark. Og mellom hendene hans har alt fått den
umiskjennelege Høgemo-signaturen.
Håkon har gjeve ut ei rekkje plater, og i 2000
fekk han Spellemannprisen for plata "Solo", og i 2005
for plata "GamaltNymalt". Mange kjenner også Høgemo frå
folkjazz-ensemblet Utla, og seinare har eit
omfattande samarbeid med Karl Seglem resultert i ei lange
rekkje plateutgjevingar og turnear i inn- og utland. To
gongar har han gått til topps på Landskappleiken, og kan elles
vise til sigrar på ei rekkje andre kappleikar.
Han er til dagleg busett på Osterøy, og arbeider
som frilansmusikar i tillegg til å undervise mellom anna
på Norges Musikkhøgskole, Ole Bull Akademiet og i
kulturskulen.
Meisterspelemenn - solo
Hardanger folkemuseum starta hausten 2011 ein konsertserie der me
inviterar dei fremste utøvarane på hardingfele til å halda
solokonsert.
Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar
omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og
forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid
med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk
kulturråd.
