Kraja er noko så uvanleg som unge veteranar innan svensk
folkesong, med sine 10 år som gruppe og med tre plater i bagasjen.
På sin nyaste utgjeving, "Brusand hav" har dei fire medlemmene
Frida Johansson, Lisa Lestander, Linnea Nilsson och Eva Lestander
valt ein ny retning der dei komponerar og produserar all musikken
sjølv. Framleis med dei unike harmoniar og klangar som
kjenneteiknar Kraja.
Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar
omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og
forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid
med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk
kulturråd.
