Det har lenge vore eit ynskje å fornya folkemusikkutstillinga
vår. I høve 100 årsjubileet meinte me at tida no var inne. Særleg
har me ynskja å gjera folkemusikksamlinga meir
tilgjengeleg for publikum. Den nye utstillinga har difor ei eiga
mediatekavdeling der ein kan høyra opptak frå samlinga og fordjupa
seg i litteratur om hardingfela og folkemusikken.
Hardanger folkemuseum har ein omfattande samling eldre og nyare
hardingfeler. Desse får ein sentral plass i den nye utstillinga.
Her kan ein fylgja utviklinga av hardingfela frå dei eldste
bondefelene og fram til dagens moderne hardingfele. Her er utstilt
fleire instrument av dei namngjetne felemakarane Isak Nilsen Skaar
(1663-1759) og sonen Trond Isaksen Flatabø (1713-1772) frå Botnen i
Fyksesund. Her er og fleire feler frå den sentrale Hellandslekta i
Telemark. Nyare feler er representert ved mellom anna Anders Aasen,
Håvard Kvandal og Olav Vindal.
Hardanger folkemuseum var sentral i å etablera det store
forskingsprosjektet om datering og dokumentasjon av hardingfeler,
det sokalla Hardingfeleprosjektet, saman med mellom anna
Ole Bull Akademiet, universitetet i Bergen og Rff-senteret.
Prosjektet framskaffa mykje ny kunnskap, også om feler i vår
utstilling. Mellom anna synte det seg at ei lita bondefele datert
1710 truleg er hundre år yngre, laga i 1810. Prosjektgruppa oppdaga
og ein fiolin i Danmark, bygd av felemakaren Trond Isaksen Flatabø
i 1764. Denne vart kjøpt av Sparebanken Hardanger og gitt i gåve
til Hardanger folkemuseum. Dette er den eldste norskbygde fiolinen
ein kjenner til.
I utstillinga vert ein og kjend med dei rike
songtradisjonane frå Hardanger. I tre store
smykkeskrin kan ein lesa om religiøse folketonar,
innsamling og kjømeisterviser. Me har og vore så heldig å få lånt
delar av den store trekkspelsamlinga etter Arnvid Lillegraven frå
Granvin kommune.