Bernhard Greve (1886-1962) var ein allsidig
kunstnar. I unge år studerte han målarkunst under mellom anna
Harriet Backer og Henri Matisse. Men det var som glasmålar han vann
størst ry. Greve kjøpte Skredhaugen i 1918. Hit flytta han i åra
frametter fleire gamle hus frå ulike gardar i Sørfjorden. Desse
vart fylte med gamalt innbu, med reiskapar, bruksting og prydting
som Greve samla i distriktet. Greve lukkast i å skapa eit levande
kunst- og kulturhistorisk museum.
Samstundes var Skredhaugen ein sjarmerande
sommarbustad for Grevefamilien. Det var hit Greve søkte etter lange
og slitsame studiereiser rundt om i Europa. Her fann han ro og
inspirasjon til kunstnargjerninga si.
Jon Bleie (1904-1981) sette djupe spor etter seg i
kulturlivet i Hardanger. Gjennom eit langt liv bygde han opp ei
stor privat samling med norsk kunst og kunstlitteratur som han
testamenterte til Ullensvang herad. På Skredhaugen kan ein gjera
seg kjend med kunstnarar og kunstverk som gledde og inspirerte Jon
Bleie, mellom dei Henrik Sørensen, Harald Kihle og Theodor
Kittelsen.