Om utstillinga:
Frå ca 1860 til 1930-talet vart det bygd ut ei rekkje
jernbanelinjer i i distrikts-Noreg. Mange av desse har sidan vorte
nedlagde.
I prosjektet Kabuso Stasjon 2022 revitaliserer Bjørg Taranger
idéen med jernbanen som kommunikasjon mellom by og land ved å setja
opp eit forsalg til ein ny togtrasé. Dette med Øystese som ein av
stasjonane.
Taranger presenterer ein framtidsvisjon som peikar på eit
engasjement som gjeld strukturelle former og samfunnsbygging i både
samtid og framtid.
I ei samanstilling av nyproduserte og tidlegare verk vert
foajéen i Kabuso rekontekstualisert til ein transittkafé for
reisande. Gjennom dokumentariske opptak som er omdanna til fiktive
rom med ulike mønster og rytmar vert ein her teken med til stadar
som Paris, Berlin og Buenos Aires.
Les meir på www.cityangel.no