Ein stor del av Eikaas sin produksjon
består av portrett. Her finn ein sjølvportrett, portrett av vener
og familie og portrett av kjende menn og kvinner i form av grafikk,
måleri og skulptur. Eikass var ein allsidig kunstnar som heile tida
utforska ulike uttrykk og material, og vart aldri verande på ein
stad. Han utfordra definisjonen av portrettet og utfida grensene
for kva eit portrett kan vera i si leikande tilnærming til
kunsten.
I utstillinga i Kabuso er det mange
eksempel på sjølvportrett. Ellers er Jahn Otto Johansen, Kåre
Willoch, kona Synnøve Anker Aurdal, Carsten Byhring, Agatha
Christie og Jimmy Carter blant dei portretterte.
Kvar sundag klokka 13 er det
omvising i utstillinga, i tillegg til laurdag 30. juni, 14.
juli, 28. juli, 11. august og 25. august klokka 16
I samarbeid med Sogn og Fjordane
kunstmuseum