Forskinga vår strekkjer seg frå samtidsorienterte prosjekt knytt
til mellom anna samferdsle, hytteutbygging og det å leva i
rasutsatte strok til prosjekt som med utgangspunkt i hus, båtar og
samlingar trekkjer dei lange linene bakover i tida. Som døme kan me
nemna mellomalderhistoria til storgarden Aga, forsking på
bakgrunnen for og tradisjonar innan den rike draktkulturen i
regionen og forsking på bygging og bruk av jakter og andre
fartøy, .
Handverk og handverkstradisjonar er eit viktig satsingsområde for
museet og me driv fleire forskingsprosjekt i brytninga mellom
tradisjonell akademiske tilnærmingar og kunnskapsutvikling knytt
til den handlingsborne dimensjonen ved handverka.
Våren 2011 vart museet sin forskingsplan ferdigstilt. I planen kan
ein lesa om kva forskingsprosjekt museet vil arbeida har på gang i
åra som kommer og korleis ein har blitt samd om å organisere
forskingsverksemda.