Hardanger og Voss museum blei etablert som eit konsolidert
museum i 2006. Museet har stor geografisk spreiing og stor tematisk
breidd, og driv innsamling, bevaring, forsking og formidling tufta
på kulturuttrykk frå fortid og samtid.
Gjennom sitt faglege arbeid er museet med på å synleggjera
Hardanger og Voss lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Museet er
ein open møtestad der publikum kan studera, oppleva og finna
utfordringar.
I tillegg til kulturhistoriske museum omfattar Hardanger og Voss
museum eit av dei få reine skulpturmusea i landet, eit kunsthus for
kunst av høg internasjonal kvalitet, og eit freda mellomaldertun av
nasjonal verdi. Museet er regionsmuseum for dei sju
Hardangerkommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda,
Ullensvang, Ulvik og for Voss kommune, og driv i tillegg eit
nasjonalt senter for fartøyvern, og ein
barnevernsinstitusjon.