Norsk English

Om Hardanger og Voss museum

Gode Opplevingar

Gode opplevingar å bryna seg på - i Hardanger og Voss museum!

Museet byr på stor tematisk breidd og dekkjer eit stort geografisk område.

Museet driv innsamling, bevaring, forsking og formidling tufta på kulturuttrykk frå fortid og samtid. Hardanger og Voss museum vart etablert som eit konsolidert museum i 2006.

I tillegg til kulturhistoriske museum omfattar Hardanger og Voss museum Kunsthuset Kabuso - eit kunsthus for kunst av høg internasjonal kvalitet, Ingebrigt Vik museum - eit av få reine skulpturmuseum i landet, Hardanger fartøyvernsenter - som fokuserara på fartøyvern og maritime handverk og Agatunet  - eit freda mellomaldertun av nasjonal verdi.

Museet er regionsmuseum for dei sju hardangerkommunane (Kvam, Odda, Ullensvang, Ulvik, Eidfjord, Granvin, Jondal) og for Voss kommune. I tillegg driv HVM i eit nasjonalt senter for fartøyvern; Hardanger fartøyvernsenter.

Gjennom det faglege arbeidet er museet med på å synleggjera Hardanger og Voss lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Museet er ein open møtestad der publikum kan studera, oppleva og finna utfordringar.

Foto: Frå Mølstertunet 1938, av fotograf Per Braaten.
Frå samlinga til Voss folkemuseum.

Hardanger Voss Museum Wordcloud

Filer