Norsk English

Frådragsrett for gåver til Hardanger og Voss museum

Steinway and Sons

Her kjem ei glad-melding for alle som har gitt gåve til flygelet i Kabuso i løpet av 2015 og evt. andre pengegåver til HVM: 
Stiftinga Hardanger og Voss museum (org.nr. 987 927 704) er godkjent av Skatteetaten etter skattelova §6-50. Alle som har gitt pengegåve til museet kan såleis krevje frådrag for dette beløpet i skatteoppgjeret for 2015.

Frådragsretten etter skattelova § 6-50 er begrensa. Gåva må vere på minst kroner 500 i det året gåva er gitt. Maksimal sum det kan krevjast frådrag for kvart år er kroner 20.000. Har skatteytaren gitt meir, kan han ikkje krevje frådrag for resten seinare år.

Ein føresetnad for å krevje frådrag er at museet kan innberette gåva til skattestyresmaktene. Hardanger og Voss museum er då avhengig av å få personnummeret/organisasjonsnummeret per gjevar slik at me kan rapportere dette inn for 2015.
Museet ventar på tilbakemelding frå Skatteetaten vedkomande personnummer. Organisasjonsnummer er henta inn via Brønnøysundregisteret.

Alle givarar vil få eit brev frå museet med informasjon til skatteoppgjeret for det aktuelle året.

Stiftinga Hardanger og Voss museum står på lista over godkjente organisasjonar
for frådragsrett.