Norsk English

Økonomi- og innkjøpskonsulent

Skodvin Skyspace Ut1186a46

Hardanger og Voss museum søkjer økonomi- og innkjøpskonsulent i 100% stilling.

Hardanger og Voss museum er eit konsolidert museum samansett av institusjonane Agatunet, Hardanger fartøyvernsenter, Hardanger folkemuseum, Kvam bygdemuseum, Ingebrigt Vik museet, Granvin bygdemuseum, Voss folkemuseum og kunsthuset Kabuso.
Hardanger og Voss museum har stor geografisk spreiing, og institusjonane har stor tematisk breidde. I tillegg til kulturhistoriske museum omfattar Hardanger og Voss museum eitt av dei få reine skulpturmusea i landet, eit kunst- og kultursenter og eit nasjonalt fartøyvernsenter. Museet er regionmuseum for dei sju Hardangerkommunane og Voss kommune.


HVM søkjer no økonomi- og innkjøpskonsulent i 100% stilling

Arbeidsoppgåver
Økonomi- og innkjøpskonsulent utfører operative oppgåver innan fagfelta innkjøp, varelager, økonomi og rekneskap for avdelingane i HVM. Økonomi- og innkjøpskonsulent skal bidra til god økonomistyring og innkjøpskontroll.

Kvalifikasjonar
• Minimum 3-årig høgskule frå relevante fagområde
• Minimum 3-5 års relevant erfaring
• Gode it-kunnskapar. Må beherske MS Office produkta, økonomisystem, Doffin mfl.
• Må kunne kommunisere flytande på norsk og engelsk (skriftleg og munnleg). Det er ønskeleg med gode tysk kunnskapar og positivt med internasjonal erfaring.

Personlege eigenskapar
• Gode samarbeidsevner, serviceinnstilling og kommunikasjonsevner
• Miljøbevisst og historiebevisst
• Systematisk og analytisk
• Sjølvgåande og tålmodig
• Interesse for museet sine arbeidsfelt

Som tilsett ved Hardanger og Voss Museum er det forventa at økonomi- og innkjøpskonsulent aktivt og engasjert bidrar til å ta eit felles og heilskapleg ansvar for utviklinga av funksjonen og museet.

Museet tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar. Løn etter avtale.

Spørsmål om stillinga kan rettast til økonomi- og administrasjonsleiar Anne Marie Øvrevik, mobil 99329850. Søknad med CV og relevante vitnemål og referansar kan sendast til:
personal@hvm.museum.no innan 22.12.2017.