Voss Folkemuseum har dei siste ti åra hatt eit sterkt fokus
på tekstil- og draktkultur; og fleire av opplegga våre kan
sjåast på som forsking knytt til handlingsboren kunnskap.
Eit døme er utstillinga,"På seng og i slede ", sett
saman av 73 fargerike ryer frå Vossebygdene. Ryene vart
dokumenterte/fotograferte, ein skreiv katalog, sette opp ryevev og
hadde veverske som demonstrerte denne særeigne veveteknikken.
Voss folkemuseum planlegg no eit samtidsorientert
forskningsprosjekt, med tema: Endringar i liv og
landskap i Myrkdalen. Den store hytteutbygginga har vore med
og prega dalen, og livsvilkåra for mange av dei som bur der, er
endra. Voss Folkemuseum vil prøva å dokumentera nokon av desse
endringane.