Mølstertunet er lett synleg frå Vossevangen. Avstanden er ca.
1,5 kilometer til fots, og ca. 3,5 km med bil.
Voss Folkemuseum er eit distriktsmuseum og har som mål å ta vare
på kulturminne frå Vossebygdene. Museet eig m.a. tre autentiske
gardstun, og såleis er bygningar ein viktig del av museet sine
samlingar.
Hovudanlegget, med kontor, bibliotek, utstillingslokale, magasin
og verkstad ligg på Mølster.
Museet har skiftande og faste utstillingar i samlingsbygget og
ulike opplegg og arrangement retta mot skule, bygdefolk og andre
besøkjande.
Utearealet er barnevenleg og trygt. Vår og haust har me
sauer på beite og i sommarsesongen har me høner på tunet.