Dei siste åra har Voss Folkemuseum fått mange gåver som utfyller
samlingane på ein god måte. Eit utval av desse vert, saman med
tidlegare gåver, presenterte i ei stor utstilling.
Det vert trearbeid av ymse slag, kister, skåp og
andre prydgjenstandar. Me viser tekstil som bringklutar,
kvitsaum, åkle, uniformar m. m. - og me stiller ut
målarkunst.