Mølstertunet ligg høgt og fritt med fin utsikt over
Vossevangen. Det er eit vakkert gardstun med 16 små og store
bygningar. Husa står der dei ein gong vart sette, ingen ting er
flytta til eller frå. Dette gjev eit ekte bilete av
byggeskikk og levemåte i eldre tid.
Garden er gamal, truleg frå før vikingtida. Me veit ikkje
kva tid garden fyrst vart delt, men i 1521 var det to brukarar på
Mølster. Husa deira er samla i eit rekkjetun, ein tunskipnad som
var vanleg i vossebygdene. Her hadde brukarane kvar sine stovehus,
eldhus, loft, buer, fjøs, løer og vedhus. Eine bruket hadde òg ei
kårestove.
På det meste har det budd om lag 30 personar her. Dei to
familiane flytte ut i 1927, ti år etter at Voss Folkemuseum var
skipa.