I samlingsbygget er det både faste og
skiftande utstillingar. Det som ruvar aller mest,
er "Ridande vossabryllaup", utskore i tre av Gudleik
Brekkhus.
Vossebrura står stolt og vakker i brurestasen sin. Kruna ho ber,
har vore brukt av rundt 2000 brurer før ho hamna på museum. Kruna
vart truleg laga tidleg på 1800 talet. Eit prov på det er
hengjesylvet som er laga av forgylte myntar - dei yngste frå 1790
åra.
Eit anna særmerkt hovudplagg, frå siste halvdel av 1800, er
kjéringahua, ein tidleg-viktoriansk kysehatt. Voss var alt på den
tid ei turistbygd, kontakten med Bergen vart betre, så
motepåverknad kom frå mange kantar. Kjéringahuene på Voss var
truleg Vossa-produserte, og ein kjenner namnet på fleire
kvinner som laga dei.